Menu

Content

Breadcrumb

"Kvifor gidde du bry deg?"

I den siste utgaven av "Skogvokteren", Nottingham Forest sin norske supporterklubbs nyhetsbrev, er det en meget interessant artikkel på trykk, om det å være supporter og om hvorfor man skal gidde å bry seg om et fotballag på den andre siden av Nordsjøen. Her bør alle med hjerte for britisk fotball kunne kjenne seg igjen. Vi gjør dere oppmerksomme på at artikkelen tidligere er publisert i tidsskriftet "Syn og Segn" utgave 4 2003, så den bør leses i lys av det. 

 

KORFOR GIDDE DU BRY DEG?

Av Kjetil Hågevik

I Noreg finst det nærmare 50 ulike supporterklubbar for engelske fotballklubbar. Mange av dei til saman 50 000 supporterane støttar lag som aldri ser ut til å vinna noko som helst. Vi snakkar om lag som Woking, Macclesfield og Rushden and Diamonds. Kva er det som driv langdistansesupporterane, og korleis greier dei å halde engasjementet oppe.

Klokka er sju om kvelden lokal tid, det er påskekvelden og eg sit på ein buss mellom Manchester og Nottingham på veg heim frå kamp saman med ei gruppe skandinaviske og engelske Nottingham Forest-supporterar. Mens ”normale” menneske heime i Noreg er på fjellet med snø, sol og kvikklunsj, sit vi på ein buss og halvsøv. Stemninga er laber og folk seier ikkje mykje. Skrur vi derimot klokka sju timar tilbake er situasjonen heilt annleis. Den same gjengen sit i den same bussen, på den same motorvegen, men i motsatt retning. Vi er omlag 25 Forest-supporterar på veg til bortekamp mot serieleiar Manchester City. Stemninga er høg, og folk ser fram til kampen mot det suverene leiarlaget. Nottingham Forest har vunne to av femten kampar så langt i 2002, og ligg atskilleg nærmare botn enn toppen av tabellen. Like fullt er folk i godt humør og gler seg til å ta fatt på ein 9 timar lang dagstur til Manchester. Dei aller fleste trur det går mot endå eit tap, men likevel vel dei å tilbringe store delar av påskekvelden på tur med Nottingham Forest, for bak alle skuffelsane i løpet av sesongen, og bak den realistiske pessimismen, ligg som alltid håpet om at det kanskje kan gå bra denne gongen.

DEN ENGELSEK SJUKA

”Korfor gidde du bry deg?” Utsegna kjem frå mor mi, og var noko ho brukte å seie til meg når eg under oppveksten blei sur og deppa kvar gang Nottingham Forest tapte ein fotballkamp. Noko som ikkje var så reint sjeldan. Som mangeårig Nottingham Forest-supporter har eg blitt van med spørsmål om kvifor eg held med slikt eit lag. ”Held du med det laget enno? Dei vinn jo aldri noko.", er eit typisk spørsmål. Folk undrar seg, naturleg nok, kanskje, over kvifor eg ikkje heller held med eit av dei store og meir kjende laga i Premier League. Implisitt i ei slik utsegn ligg også ei oppfatning om at sportsleg suksess er den einaste legitime grunnen til å halde med eit fotballag. Rundt heile verda held folk fram med å støtte tapande fotballklubbar, sjølv om det einaste dei tilsynelatande oppnår, er stadig nye nedturar, øydelagde helger og ei evig gløymsle midt på tabellen i nest øvste divisjon. Om sportsleg suksess var den einaste drivkrafta, ville ikkje mindre klubbar da mista sine supporterar til større og meir suksessfulle klubbar? Dette er interessant i seg sjølv, og ekstra interessant blir det når vi har å gjere med supporterar utan noka som helst slags naturleg tilknyting til det aktuelle laget.

Den tradisjonelle oppfatninga av ein fotballsupporter er ein som er fødd og oppvaksen i nærmiljøet til den aktuelle klubben, og som gjerne har blitt dratt med på stadion av far sin frå han var ein neve stor. I Noreg finn ein tusenvis av fotballinteresserte som ikkje passar inn i desse rammene. Den klubben med flest supporterar i Noreg er nemleg ikkje Rosenborg, Brann eller Vålerenga, men Manchester United. Den norske supporterklubben til Manchester United har om lag 23 000 medlemmar, nærmare 17 000 fleire enn Vålerenga sin supporterklubb, Klanen, som er den største supporterklubben til eit norsk lag. Det finst i dag nærmare 50 ulike supporterklubbar for engelske lag i Noreg med eit samla medlemstal på meir enn 50 000. Så godt som halvparten av alle engelske ligaklubbar har altså ein norsk supporterklubb. At Manchester United har mange supporterar er vel kanskje ikkje så vanskeleg å forstå. Alle har høyrt om dei raude djevlane frå Old Trafford, og som ein av informantane mine seier; ”…tre sider om Solskjær i VG kvar dag, det blir mange supporterar av slikt.”

At dei store og suksessfulle Premier League-klubbane har supporterar utanfor England, er heller ikkje uvanleg, men i Noreg er det ikkje berre dei største og mest suksessfulle klubbane som interesserer. Woking, Macclesfield og Rushden and Diamonds er berre nokre døme på engelske klubbar som har aktive supporterar i Noreg. Den engelske sjuka eller ”Boing-syndromet”, som Nils Arne Eggen har kalla det, er noko langt meir enn berre leik og moro. Tal henta inn frå dei tre største reisebyråa som har spesialisert seg på fotballturar, viser at nærmare 10 000 nordmenn årleg reiser til England for å sjå fotball. Basert på desse tala bruker nordmenn årleg 50-60 millionar kroner på å følgje sine engelsk favorittlag. Kor mange som eigentleg reiser til England for å sjå favorittlaget i aksjon, og kor mykje pengar dei legg igjen, er uråd å seie, men dei faktiske tala er i alle høve høgare, truleg langt høgare, enn dette.

LOKAL IDENTITET

Dei aller fleste kan forstå kvifor bergensarane sine hjarte står i Brann og kvifor trønderane syng om heile ”Tronhjæms” fotballag, men Macclesfield, Woking eller for den saks skyld Nottingham Forest? Nei, det blir verre. All tradisjonell samfunnsfagleg teori innanfor fotballforskninga peikar på at lokalt tilhøyr og ein sosial identitet som er knytt opp mot familie-tradisjonar, stad og lokalrivalisering, er det viktigaste når dei skal forklare kvifor ein supporter har stort engasjement i eit fotballag. Det er liten tvil om at fotballen har ei sterk forankring i det lokale. Bergen si fremste merkevare er truleg sportsklubben Brann, skjønt merkevare kan vel diskuterast, men at Brann og Bergen er nært knytte saman, er det liten tvil om. Når Rosenborg speler i Champions League, er vi alle trønderar, men når dei speler mot Brann her heime, er dei ”Tronhjæms” fotballag, og da handlar det om noko langt meir enn tre poeng. Kampen er nemleg ikkje berre ein kamp mellom Brann og Rosenborg, men ein kamp mellom Bergen og Trondheim. På same måte er kampane mellom Bryne og Viking ein kamp mellom Jæren og Stavanger, ein kamp mellom by og land. Fotballen blir ein arena for utøving av lokal identitet, der klubben er eit symbol som blir brukt i feiringa av det lokale.

For dei nordmenn som har eit lidenskapeleg forhold til eit engelsk lag blir dette likevel annleis. Den norske antropologen og fotballforskaren Hans Hognestad (2001) har skildra norske langdistansesupporterar som annleis, fordi dei er meir fristilte frå andre sosiale realitetar enn tradisjonelle supporterar. Dei norske langdistansesupporterane manglar det lokale tilhøyret og den sosiale identiteten som lokale supporterar ofte har. Dei har inga naturleg tilknyting til dei engelske favorittlag sine, og sjølv om nokre sikkert har arva interessa si frå pappa eller ein eldre bror, så er det vanskeleg å finna plass til norske langdistansesupporterar innanfor tradisjonell teori. Der dei lokale supporterane både har sosiale forventningar og lokal stoltskap knytt til supporterengasjementet sitt, har ikkje langdistansesupporterane noko som skulle tilseie at dei ikkje kunne, og kanskje også burde, ha skifta klubb og brukt engasjement på meir suksessfulle lag. Like fullt lever altså interessa for også for mindre engelske klubbar vidare i beste velgåande, trass i manglande suksess, glamour og stor merksemd i norske medium.

MEDIESKAPTE SUPPORTERAR

Media er sentrale når det gjeld nordmenns forhold til engelsk fotball. Nordmenn er stort sett blitt kjende med den engelske fotballen gjennom media, og innanfor den tradisjonelle teorien har ein ofte sett på slike medieskapte supporterar som ei gruppe supporterar som i hovudsak følgjer klubben på grunn av den glamouren som gjerne følgjer større og suksessfulle klubbar. Det blir hevda at dei medieskapte supporterane har eit mindre kjenslemessig engasjement i klubben, at dei er mindre ekte fordi drivkrafta bak supporteridentiteten er jakta på suksess. Dei blir stempla som medgangssupporterar, noko som blant fotballsupporterar er det absolutt verste ein kan vere. Vi kan gå ut ifrå at det finst ein del slike supporterar i dei største klubbane, men det stemmer likevel dårleg overeins med det store fleirtalet av norske langdistansesupporterar. Det stemmer i alle høve dårleg når vi veit at det finst aktive supporterar av engelske klubbar som aldri ser ut til å vinne noko som helst. Kan det tenkast at også medieskapte langdistansesupporterar er i stand til å bygge opp ein så sterk identitet til klubben at sportslege resultat kjem i andre rekke? Kan det tenkast at langdistansesupporterar er i stand til adoptere ein lokalisert identitet som minner om den dei lokale har?

Det har vore tette band mellom den engelske fotballen og nordmenn heilt sidan engelske klubbar var på turné her i landet ved starten av førre hundreår, men interessa tok først skikkeleg av på 1970- og 80-talet. Hovudårsaka til dette var at NRK i 1969 begynte med direktesendte kampar frå England kvar laurdag ettermiddag heile vinteren gjennom. Desse tippekampane har hatt ei udiskutabel betyding for den posisjonen engelsk fotball har i Noreg i dag. Gjennom tippekampane fekk nordmenn høve til å bli kjende med den engelske fotballen på ein heilt annan måte enn tidlegare. På denne tida var heller ikkje norsk fotball der han er i dag. Dei som ikkje voks opp med eit norsk topplag i nærleiken, hadde berre tilgang til ”skikkeleg” fotballen gjennom NRK sine tv-sendingar. Engelsk fotball blei den einaste forma for fotball ein hadde tilgang til, og det blei etter kvart heilt naturleg å ha eit engelsk favorittlag. Engelsk fotball blei rett og slett ein naturleg del av fotballinteresserte nordmenns kvardag. Fordi norske medium har brukt så mykje plass på engelsk fotball, har ein gjenskapt lokal engelsk fotballkultur også her heime. Ein lokal identitet, i dette høvet ein «Nottingham-identitet», opptrer på globalt plan gjennom desse supporterane. Engelske ligakamper kom ikkje på tv i England før i 1984, altså 15 år etter at vi fekk det i Noreg. Sky sport si dekning av engelsk fotball i England har skapt «norske forhold» også der borte. Lag som får mykje tv-dekning, får fleire supporterar rundt om i landet. Det som tidlegare var lokalt, blir nasjonalt og vidare globalt. I dag blir til dømes Manchester United omtala som alle sin lokalrival fordi United-supporterar er lokale nær sagt overalt og ikkje berre i Manchester-området. På denne måten gjenskapar fotballen lokale identitetar utanfor den lokale sfæren, på eit globalt plan. Dette ser ein også gjennom bruken av Internet, der dei geografiske avstandane blir viska ut og ein kan ta del i den opphavlege lokale sfæren frå ein annan global ståstad.

«NOE Å FEIRE: ARNE SCHEIE»

Laurdag ettermiddag blei etter kvart assosiert med graut, Arne Scheie og ”plinget”. Dette ”plinget” som blei følgt av oppdateringar frå andre engelske kampar, kunne bringe ein til himmelen om det fortalte at Nigel Clough hadde gitt Forest leiinga 1-0 over Tottenham. ”Plinget” kunne også øydeleggje helga og gjere skoledagen på måndag til eit mareritt, om det fortalde at John Aldridge hadde laga enda eit mål, og dermed økt Liverpool si leiing over Forest til 3-0. Ingenting var verre enn å komme på skulen på måndag morgon viss laget ditt hadde tapt. Det var mobbegrunn betre enn noko. På ein eller annan rar måte blei du personleg ansvarleg for resultatet til laget ditt.

Etter kvart blei det danna noko som den norske fotballforskaren Hans Hognestad (2001) har kalla eit semiotisk system; Alle måtte ha eit engelsk favorittlag, som ein etter kvart blei assosiert med. Ein av informantane mine, som voks opp i ei lita bygd på Vestlandet, fortalde meg korleis ein var nøydd til å ha eit favorittlag om ein skulle vere ein del av gjengen. Om du eigentleg var interessert i fotball eller ikkje, trong ikkje bety noko. Skulle du vere ein av gutane, måtte du ha eit engelsk favorittlag, og helst eit lag som ingen andre heldt med. Der tippekampen skapte ei interesse, ja nærmast ei folkerørsle, rundt engelsk fotball generelt, var nemleg ”klubbvalet” ei individuell sak, gjerne basert på heilt vilkårlege hendingar. Eit fotballkort med Viv Anderson som du hadde fått av ein eldre bror til kameraten, kunne såleis gjere deg meir eller mindre avhengig av Nottingham Forest for livet. På same måte kunne ikkje den kjære tanta di vite kva for smerter ho i framtida ville påføre deg, når ho kom heim frå London-turen med eit Crystal Palace-skjerf i staden for eit Arsenal-skjerf fordi ho syntest Crystal Palace var eit finare namn. Mange kan ikkje eingong forklare kvifor dei begynte å støtte akkurat det laget, det berre blei slik.

Det er likevel viktig at klubbvalet ofte har ein individualiserande effekt i kameratflokken. Det er ditt lag, og derfor må du også ta konsekvensane når laget ikkje gjer jobben. Verdien av å ha ein eigen identitet er viktig, og for mange har favorittlaget vore viktig i den samanhengen. I den kollektive danninga rundt engelsk fotball var laget det som gav eigenart, og som skilde ein frå kameratane. Ein av informantane mine fortalde meg for eksempel at tanken på ein norsk supporterklubb for Nottingham Forest var heilt utenkeleg. Det var ein gedigen nedtur for han å oppdage at det fanst andre supporterar av Nottingham Forest i Noreg. Å skulle dele laget sitt med andre var som å måtte gje slepp på ein del av seg sjølv. Han mista litt av sin eigen identitet og eigenart.

ROBIN HOODS NOTTINGHAM

Sjølv om det ofte er vilkårleg kva for ein klubb supporterane vel, er det likevel ein fellesnemnar for mange av Nottingham Forest-supporterane: Eventyrfiguren Robin Hood. Både hos norske og engelske langdistansesupporterar har eg funne at Robin Hood har vore starten på eit lidenskapeleg forhold til Nottingham Forest. Dei aller fleste blei kjende med Robin Hood allereie i ung alder, gjennom Walt Disney sin teiknefilm. Robin Hood, og gjennom han også Nottingham, blir gjerne forbunde med noko morosamt og spanande. Mange har difor eit etablert forhold til Nottingham, noko som ofte fører til interesse også for fotballaget Nottingham. Det mest interessante med dette er at forholdet til Nottingham Forest oppstår som følgje av eit allereie eksisterande forhold til byen Nottingham, og den blir på mange måtar utgangspunktet for kjærleiken til fotballaget. Dette er ikkje heilt ulikt den måten tradisjonelle lokale supporterar etablerer eit forhold til laget sitt på, ved at forholdet til klubben er ei forlenging av eit allereie eksisterande forhold til byen.

Forholdet til byen Nottingham kan endrast gjennom å gjere det heile meir levande. Ved å besøke byen og ta del i det sosiale og kulturelle livet kan ein gjere byen til ei autentisk erfart røynd. Ein kan altså adoptere ein slags lokal identitet. Dette skjer nok ikkje gjennom ein del helgeturar til Nottingham, der ein stort sett berre ser eit par lokale pubar og heimebana City Ground. Ein må ta del i byen sitt liv og virke på liknande måte som dei lokale, og i den samanheng vil det nok også være ein fordel om ein har bygd opp eit sosialt nettverk på staden. Ein av informantane mine framheva korleis han var blitt endå nærmare knytt til klubben etter at han hadde vore ein del gonger i Nottingham. Dette kan tilsynelatande vere eit teikn på at den lokale identiteten framleis er viktig. Viktigast er likevel supporterfellesskapet og opplevinga av heimebana. Heimebana blir nærmast sedd på som ein heilag stad: «Den er for ein Forest-supporter det som Mekka er for ein muslim,» sa ein av informantane mine. Og ein av dei få kvinnelege informantane mine, ei jente frå Nottingham, skildra det som ein så viktig stad fordi det representerte deira eiga vesle samfunn. Når ein er der, får ein kjensla av å vere ein del av eit større fellesskap. Kva byen, og eventuelt supporterfellesskapet har å seie for forholdet til klubben, varierer likevel sterkt frå person til person, og det er ikkje mogleg å trekke opp rette linjer som ein kan plassera supporterane etter. Det er nok likevel riktig å seie at dei norske langdistansesupporterane er annleis enn lokale supporterar fordi dei er meir fristilte frå andre sosiale realitetar slik Hognestad (2001) har hevda. Byen Nottingham er ikkje ein naturleg del av kvardagen deira. Dette er likevel ikkje noko som berre gjeld norske langdistansesupporterar. Det vil i same grad gjelde engelske supporterar som ikkje føler eit sosialt tilhøyr og ein identitet knytt til byen Nottingham. Ein av dei engelske informantane mine seier at hans einaste forhold til Nottingham er at kjeveortopeden hans held til i byen, medan andre påpeiker at dei elskar Nottingham Forest på grunn av byen, ikkje motsett, fordi det er her dei er fødde.

«BYEN VÅR»

Sjølv om dei norske informantane ser på seg sjølve som genuint ekte Forest-supporterar, meiner alle, utanom ein, at byen Nottingham ikkje betyr noko for dei. Dei trur ikkje på at dei har noka form for lokalisert identitet. Eg har likevel funne ein del ting som tyder på at nokre av dei er meir lokaliserte enn det dei sjølve trur. For det første kallar dei ikkje berre Nottingham Forest vårt lag, men byen Nottingham vert også kalla vår by. Dei følgjer mellom anna med på resultata til det andre Nottingham-laget, Notts County, fordi det er frå «vår by», på same måte som mange bergenserar følgjer med på ein del av resultata til bydelsklubbane, sjølv om det er Brann som er det eigentlege laget. Dette er noko dei gjer fordi dei ikkje ser på småklubbane som rivalar til Brann, men som bergensklubbar som representerer byen deira og såleis også litt av den stoltskapen som er knytt til den lokale identiteten deira. Fleire av informantane mine peiker også på korleis unge lokale spelarar betyr noko ekstra. Ein perfekt spelar er fødd og oppvaksen i Nottingham, ingenting ville vore betre enn å fostre elleve spelarar frå Nottingham. Norske spelarar betyr ikkje noko spesielt, men blei sedde på som utlendingar på lik linje med andre spelarar som ikkje kjem frå dei britiske øyane. Nordmenn blir difor, som andre utlendingar, noko ein er litt skeptisk til, og som ein ikkje ønskjer for mange av i klubben.

Dei norske Nottingham Forest-tilhengarane identifiserer seg altså ikkje noko vidare med norske spelarar. Hovudgrunnen til dette er at identiteten som nordmann i denne samanheng er irrelevant, eller til og med ikkje-eksisterande. I staden er identiteten deira som Nottingham Forest-supporterar dominerande, og ein ser altså også at dei adopterer ein slags lokalisert identitet, ein nottinghamisert habitus, om du vil. Eg spurde ein av informantane mine om han ikkje syntest det var rart at han identifiserte seg sterkare med ein spelar født i Nottingham enn ein spelar fødd i Trøndelag. Han innrømde at det høyrdest noko rart ut når eg sa det på den måten, men han hadde aldri tenkt på det slik før. For han kjendest det berre naturleg, han kjende seg som ein innbyggjar av Nottingham. Denne personen hadde på tidspunktet aldri vore i Nottingham, men for han var det likevel heilt naturleg å sjå på seg sjølv som ein som kom derifrå.

TRUVERDIG SUPPORTER

Supporterane har ein så sterk identitet knytt til klubben at han blir ein del av kvar enkelt. Klubben blir ein del av livet, og noko ein ikkje kan skilje seg frå. For dei som har ein slik sterk identitet til klubben, vil også dei sportslege resultata bli meir eller mindre irrelevante. På grunn av ei rekke kompensatoriske handlingar blir dei ikkje opplevde som negative. Den engelske forskaren Ian Jones (2000) har skildra desse kompensatoriske handlingane som ei følgje av eit sterkt engasjement og ein sterk identitet både overfor klubben og supporterane som gruppe. Dette finn eg også klare teikn på blant dei norske langdistansesupporterane, og det stadfestar at det er snakk om ei gruppe supporterar med ei sterk og ekte identitetskjensle både overfor klubben Nottingham Forest og overfor dei andre supporterane. Gruppetilhøyr er ein slik viktig faktor. Å tilhøyre ei gruppe og vere ein del av noko større hjelper til å dekke over eventuelle negative sider ved supporterrolla. At ein er fleire om problema, gjer dei enklare å takle.

På same måte ser ein også verdien av å skilje seg frå andre. Distinksjonane til andre liknande grupper, det vil seie supporterane av andre lag, er veldig viktig. For dei norske supporterane ser ein at det viktigaste er å distansere seg frå medgangssupporterar, og i den samanhengen kan faktisk tap vere noko positivt fordi det i alle høve stadfestar at ein ikkje er ein medgangssupporter. Å støtte eit tapande lag gir på mange måtar ein status, og fleire av informantane mine peikte på korleis dei fekk kommentarar som går på akkurat dette, og korleis dei ser på seg sjølve som meir genuine og ekte supporterar enn mange andre, fordi de gjennom sportsleg motgang får stadfesta at dei er truverdige supporterar. Drivkrafta til å halde fram med å støtte eit tapande fotballag ligg også i det at ein har ein ukueleg optimisme, gjerne ein svært overdriven ein, som seier at neste gang er det vår tur, neste kamp vinn vi, eller neste sesong rykker vi opp. Dette skjer gong på gong, sjølv om ein inst inne er like forbanna sikker på at det ikkje går vår veg denne gongen heller. Ein av informantane mine seier at sjølv om han eigentleg veit at det ikkje blir noko betre neste sesong, tar han seg likevel i å håpe kvar einaste sommar, enten han ville eller ikkje, at neste sesong, blir vår sesong! Dette varer kanskje til juletider, då han innser at: ”Faen, ikkje i år heller.”

I vurderinga av klubben sin situasjon kalkulerer ein alltid med at det vil kome betre tider. Dette usikre momentet blir tatt for gitt. Det er ikkje spørsmål om å vurdere situasjonen slik han er i dag, men slik han blir når ein får suksess igjen, for det får ein jo.

DEN STORE KJÆRLEIKEN

Det er heilt tydeleg at desse kompensatoriske handlingane verkar: Supporterane held fram med å støtte klubben sin. Då eg reiste frå Nottingham, hadde klubben akkurat tapte tre strake kampar, og til saman hadde dei berre vunne to av de siste atten kampane. Likevel var alle sikre på at dei ville tilbake neste år, sjølv om det gjekk så ille at klubben rauk ned. ”Det handlar om så mykje meir enn sportsleg suksess,” var svaret dei gav. Informantane mine kunne heller ikkje sjå noko negativt i det å vere supporter, sjølv om det kanskje kunne gå ut over omgjevnadane når dei brukte så mye tid på det, men negativt? Nei, det var det no ikkje. Dei kompensatoriske handlingane gjer jobben sin slik at opplevinga av å vere Forest-supporter berre framstår som noko positivt. Dette stadfestar også dei norske langdistansesupporterane sin sterke identitet med både klubben og dei andre supporterane, noko som er naudsynt for at desse kompensatoriske handlingane skal verke. For å seie det litt enkelt er det graden av identitetskjensle som avgjer om ein er «ekte» supporter eller medgangssupporter. Informantane mine har ei så sterk identitetskjensle knytt til klubben, supporterane og kanskje til og med byen at det blir håplaust å sjå på dei som ein eigen type supporter. Ein kan skilje mellom ulike supportertypar, men desse skilja kan ikkje trekkast etter geografiske grenser.

Meir enn å sjå på dei som norske supporterar av Nottingham Forest, slik tradisjonell teori vil gjere, meiner eg at vi må sjå på dei som Nottingham Forest-supporterar i seg sjølve. Det viktige er nemleg den sterke identiteten og kjærleiken dei føler til klubben, og den har dei alle felles uansett kvar dei er oppvaksne. Som ein av mine engelske informantar sa til meg: ”Fotballen kjenner ingen grenser, alle som støttar Nottingham Forest har ein ting til felles, nemleg kjærleiken til Nottingham Forest F.C.” Denne kjensla er beskriven på ein glitrande måte av den engelske forfattaren Nick Hornby (1997:15), han seier: ”Jeg forelsket meg i fotball på samme måten som jeg senere skulle komme til å forelske meg i kvinner: Plutselig, ukritisk og uten tanke for smerten eller sammenbruddene som en får på kjøpet. Det er noe langt strengere enn et ekteskap, du finner ikke Arsenal-supportere som sniker seg til Tottenham for et raskt utenomekteskapelig hopp i høyet, og selv om skilsmisse er en mulighet (en kan bare slutte å gå om det skulle bli for ille) så kan du glemme tanken på en ny kjærlighet.” Eg trur likevel eg har både informantane mine og tusenvis av andre fotballinteresserte nordmenn med meg når eg seier at Hornby tar litt lett på det. Separasjon kanskje, men skilsmisse? Nei det trur eg ikkje.

 

Litteraturliste:

Hornby, N. (1997). Tribunefeber. Aschehoug og Co. Oslo.

Hognestad, H. K. (2001). Nordmenns forhold til engelsk fotball. Norsk Forskningsråds forsker- og brukerseminar 09-10.01. Bø i Telemark.

Jones, I. (2000). A model of serious leisure identification: the case of football fandom. Leisure Studies 19:283-298.

Sist redigertsøndag, 24 oktober 2021 16:51